Styringsdokument Omvikdalen IdrettslagInnholdsfortegnelse1.Innleiing 2.Styringsprinsipp -Hovudstyre -Gruppeleiarar -Kompensasjonsreglar 3.Medlemskontingent 4.Treningsavgift 5.Reisegodtgjersle og Startkontingent -I kommunen -Innanfor Hordaland Krets -Utanfor Hordaland Krets |
| |
|
| |
1. Innleiing Dette dokumentet omtalar retningslinjene for Omvikdalen Idrettslag. Her finn ein oversikt over styringsprinsipp, prisar og treningssatsar, retningslinjer for reisegodgjersler, refusjonsordningar m.m. |
| |
|
| |
2. Styringsprinsipp Hovudstyre Kasserar / leiar skal ha eit pengeskrin med kr. 2.000,- i vekslepengar. Der kan gruppene gå å låna / levera tilbake. Kasserar må alltid sjå at det er småpengar i skrinet. |
| |
Gruppeleiarar Gruppeleiarar skal gå tjenestevei om det er noko spesielt som foregår i gruppene. Ta kontakt med hovedstyre. |
| |
Gruppeleiarane kan kjøpa inn utstyr for inntil kr. 2.000,-. Innkjøp utover denne grensa skal fyrst klarerast med hovudstyret. |
| |
Spinning har eit pengeskrin med kr. 500,- i til vekslepengebruk. Skal fylgja ny leiar for spinning heile tida. |
| |
Kompensasjonsreglar Hovudstyre: Leiar i hovudstyre får kr. 1.000,- i året til dekning av utgifter som kjøyring, telefon og liknande. |
| |
Ski: Trenarar i skigruppa får gratis parkering og løypeavgift i Fjellhaugen Skisenter. |
| |
Spinning: Instruktørar på spinning får kjøpa treningsklær for kr. 1.000,- pr. aktivitetsår (haust + vår - fylgjer skuleåret). Har dei to timar i veka, kan dei kjøpa klær for kr. 2.000,- osb. |
| |
Gruppeleiarar og andre: Dersom nokon har store utgifter (telefonutgifter etc.), kan desse refunderast ved at ein sender rekning til hovudstyre. |
| |
|
| |
3. Medlemskontingent Medlemskontingenten fylgjer kalenderåret. Kontingenten for aktuelt år sendes ut i Mars. Til nye medlemmer gjennom året sendes medlemskontingent ut fortløpande. |
| |
For å vera stemmeberettiga på Årsmøte må medlemskontingent for aktuelt år vera betalt seinast 1 månad før Årsmøte. Årsmøte avholdes vanligvis i Januar påfølgjande år. |
| |
Beskrivelse Pris 0 – 12 år Kr. 50,- 13 år og oppover Kr. 100,- Familiemedlemskap Kr. 300,- (2 vaksne og barn til og med 15 år) |
| |
|
| |
4. Treningsavgift Er ein medlem i fleire grupper der ein skal betala treningsavgift, betaler ein avgift for den dyraste. |
| |
Beskrivelse Ski Sykkel Turn Under 17 år Kr. 250,- Kr. 250,- Kr. 100,- Over 17 år Kr. 350,- Kr. 350,- Kr. 150,- |
| |
Spinning Spinning er ei eiga gruppe under sykkelgruppa og har eigne satsar, der det blir betalt pr. gong. |
| |
Beskrivelse Pris For medlemmer Kr. 40,- pr. gong For ikkje-medlemmer Kr. 60,- pr. gong Klippekort (10 klipp) Kr. 350,- Klippekort (20 klipp) Kr. 600,- |
| |
NB! Klippekort gjelder kun for medlemmer. |
| |
|
| |
5. Reisegodtgjersle og Startkontingent I kommunen Reisegodtgjersle Born betalar kr. 20,- ved transport til trening, løp og renn. Gruppeleiarar/trenarar må orientera borna / pårørande om denne betalinga, som skal betalast til sjåføren. |
| |
Startkontingent Barneskirenn: Må betala startkontingenten sjølve. Merkerenn og klubbmeisterskap: Må betala startkontingenten sjølve. Andre renn: Alle deltakarane under 17 år får dekka startkontingent. Når det gjeld deltakarar over 17 år vert kontingenten dekka dersom det er tidtaking. |
| |
Innanfor Hordaland Krets Reisegodtgjersle Kilometergodtgjersle: Kr. 2,- for personbil, kr. 2,50 for stor bil (meir enn 5 seter). Må prøva å samla seg i færast bilar. Alle aktive betaler kr. 50,- til sjåføren. Ferje og bompengar blir dekka av laget. Overnatting: Dersom det er nødvendig med overnatting, kan deltakar søkja om å få dekka inntil kr. 300. Trenarar / leiarar få dekka inntil kr. 600. Antall trenarar / leiarar må avklarast med styret på førehand. Reiserekning skal sendast gruppeleiar til gjennomsyn og godkjenning. Gruppeleiar sender vidare til kasserar som og må sjå gjennom og godkjenna for utbetaling. |
| |
Startkontigent Startkontingent: Under 17 år eller student, blir dekka av laget. Over 17 år, blir dekka av laget med inntil kr. 300,- dersom det er tidtaking. |
| |
Utanfor Hordaland Krets Alt som skal dekkast av laget utanfor kretsen må takast opp med hovudstyret til godkjenning / avslag på førehand. |
| |
|
| |
| |
|
|
|