Framsida
Hovudside
Styret i OIL
Styringsdokument
Møter OIL 2011
Kontakt oss
Resultatlister
Sykkel
Sykkelklede
Folgefonnrittet
Kvinnheradtråkket
Sykkelkarusell
Spinning
Påmelding
Ski
Friidrett
Idrettsmerke
Tur
Turn / Zumba
Økonomigruppa
Ikkje Dytt
Valnemd
Nyhende
Kontakt oss
Kontakt person finn du under dei forskjellige gruppene.

Kvinnheradtråkket 2007

Klikk på bilete for full storleik
Feltet før start, 19.08.2007
 
Då var nok ei utgåve av Kvinnheradtåkket arrangert, det skjette i rekkja. Trass at vèret ikkje var det beste var det 30 startane i turklassen. Resultatliste finn du nederst på denne sida. Meir tekst og bilete frå rittet finn du her.
 
Klikk på bilete for full storleik
Løypekart. Klikk på bilete for stor versjon.

Løypa

Løypa er den same i år som tidlegare. Den startar ved Omvikdalen skule og går opp og rundt dalen. Vidare langs riksveg 48, utover mot Sunde. Her vendar løypa og går tilbake på andre sida av Opsangervatnet, forbi Husnes sentrum og tilbake langs riksvegen til Omvikdalen sentrum og opp til skulen. Rittet er ca 62 km i lett kupert terreng.

Trimritt

I år som tidlegare år blir det også arrangert trimritt utan tidtaking. Trimmarane kan sjølv velja om dei vil sykla heile løypa eller snu i Uskedalen (ca 25km). Turen til Uskedalen kan kanskje vera ein fin søndagstur for heile familien.

Påmelding

Førehandspåmelding til turklassen kan gjerast under 'Påmelding' i menyen til venstre eller ved start. Vi set stor pris på førehandspåmelding, dette sparar oss for arbeid rittdagen. Trimklassen har kun høve til påmelding ved start.

Sosialt

Også dei som ikkje vil sykla, er hjarteleg velkomne til Omvikdalen skule denne dagen, for å heia på syklistane og kjøpa seg middag eller berre ein kopp kaffi. Vi vil også oppfordra til å heia på syklistane langs løypa.

 
Klikk på bilete for full storleik
Høgdeprofil. Klikk på bilete for stor versjon.
 
Invitasjon til Kvinnheradtråkket 2007 (pdf)
Resultatliste Kvinnheradtråkket 2007 (pdf)
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
17.01.2012
Årsmøte 2011
Tysdag 24. januar 2012 kl. 19.00 i Omvikdalen Skule.
Les meir
16.01.2012
Dagens ros
Omvikdalen IL vil gje dagens ros til Lille Thailand Takeway i Omvikdalen.
Les meir
10.01.2012
Aktivitetar våren 2012

Dei ulike gruppene har starta opp att aktiviteten sin etter juleferien.
Les meir
Samarbeidspartnere
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS